
Linn Kristin Hauge
05.11.2008 18:44
Linn Kristin Hauge (kull 2)
Linn Kristin Hauge er utdannet sivilingeniør fra NTNU. Hun var trainee i kull 2 hvor hun jobbet i både Salten Kraftsamband/SKS og Bodø Energi mens hun var i Traineeprogrammet. Linn Kristin søkte og fikk jobb som porteføljeforvalter i Salten Kraftsamband/SKS. Linn Kristin har følgene erfaringer å dele med dere:
- Traineeprogram Salten er ein god idè, der både bedriftene og traineeane dreg fordelar av kvarandre. Traineen kjem inn i forskjellige bedrifter og tilfører ein verdi med sin kompetanse, samtidig som traineen får teste ut sin kompetanse i praksis.
Kunnskap
Eg har vore trainee i to energiselskap (Bodø Energi og Salten Kraftsamband) og har derfor lært mykje om energibransjen. Eg har jobba med kraftmarkedet, produksjonsplanlegging og nettdrift.
- Har også gjort meg opp nokon formeiningar om kva slags miljø eg ynskjer å jobbe i, og kva slags arbeidsoppgåver eg trivst best med.
- Opplegget med Nordnorsk Lederutvikling gir også meir bevissthet rundt personlig utvikling.
Erfaring
- Det beste med traineeprogrammet er å få mulighet til å prøve seg på forskjellige områder innanfor fleire forskjellige bedrifter samtidig som ein får oppfølging frå Nordnorsk Lederutvikling.
- Selskapa eg har vore i har også vore flinke til å ta meg med på ekskursjonar og vise fram forskjellige anlegg (kraftstasjonar, transformatorar, demningar m.m.). som nyutdanna er det absolutt ein fordel å få sjå korleis ting egentlig ser ut og fungerar. Nokon av desse ekskursjonane har foregått på snøscooter og ATV, det var veldig artig.
Veien videre
- Traineeprogrammet har gitt meg relevant erfaring i forhold til den jobben eg har no, deltagelsen i programmet var ein av dei avgjerande faktorane for at eg fikk denne jobben. Det å vere trainee gir ein nøkkel inn viss ein ynskjer å jobbe for same bedrift seinare, samtidig som ein veit kva ein går til.
- Anbefalar alle som er åpne for utfordringar og har lyst å teste seg sjølv innanfor forskjellige områder å søke programmet.
Skrevet av: Linn Kristin Hauge